Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Trollstigen har opna

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Møre og Romsdal fylkeskommune opna fv. 63 Trollstigen i dag, fredag 12. juni, klokka 18. Heile vegen vart opna, frå Romsdalen til Valldal, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Saken fortset etter annonsa

– Vi støyper ferdig kantane i Trollstigen no, så må betongen herde nokre timar før vi åpner for trafikk. Byksefonna på Valldalssida er vurdert som trygg for trafikken, fortalde byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune tidlegare i dag.

Mykje snø, sein vinter og skadar etter skred gjer at vegen opnar historisk seint i år. Dei siste 25 åra er det opninga i 1997 som er den seinaste. Den gongen vart vegen opna 5. juni.