Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Vatn og grus over fylkesveg 63 i Valldal

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Under ei kraftig regnbyge i kveld, onsdag 19. august, fløymde det både vatn og grus over fylkesveg 63 mellom Jordbærstova og Skoglund camping. Det kom ifølgje folk på staden dundrande ned fjellsida og altså over vegen.

Saken fortset etter annonsa
Tora som ikkje ville gi seg onsdag 19. august viste seg å vere eit ras av storstein, vatn og leire/jord i Valldalsfonna. 
– Vi hadde orkesterplass på Bjørstad, men kom ikkje på å filme før raset var godt i gang, så då fekk vi ikkje med dei enorme steinmassene som kom først i lag med alt vatnet som fossa nedover fjellsida, seier Hege Bjørstad og legg til at det var Torkjell Bjørstad som filma.

Lengre framme er det ei stikkrenne, men vatnet kom ikkje dit. Det samla seg opp langs vegen utan å ha nokon stad å gjere av seg. Lengre opp gjekk ei kisteveite tett og vatnet fløymde over bøane. Slike nedbørsmengder er det ikkje mykje som er dimensjonert for.

Forsøk på å gjere noko med alt vatnet som hadde samla seg.

Ifølgje Trygve Rødal i teknisk som har vakt i kveld, har det førebels ikkje kome inn melding om skade på dei kommunale vegane etter styrtregnet.