Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Vidarefører lokale karantenekrav i første omgang til og med måndag 30. mars

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Kommunane Stranda, Sykkylven og Fjord har gjort vedtak om å forlenge dei karantenekrava som vart vedtekne for ei veke sidan, men opnar opp for at næringsaktørar kan søkje dispensasjon dersom karantenekrava skulle medføre store ulemper for næringsaktiviteten. Dette vedtaket gjeld i første omgang til og med måndag 30. mars. Vedtaket er grunngjeve i smittevernlova og tar utgangspunkt i at desse kommunane framleis er i fase 1 av epidemien.

Saken fortset etter annonsa

Dei tre kommunane har intensjon om å vidareføre strenge karantenekrav også vidare, men avventar nasjonale retningsliner som er venta løpet av helga.

Karantenekrava, slik dei vart vedtekne av Fjord kommune, finn du her http://www.fjord.kommune.no/koronaviruset/nyheiter/skjerpa-karantenekrav.63961.aspx

Ordførari Stranda, Jan Ove Tryggestad
Ordførar i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug

Ordførar i Fjord, Eva Hove