Heggurtunnelen vert nattestengd frå og med måndag 15. juni

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjere sikringsarbeid i Heggurtunnelen mellom Valldal og Tafjord i sommar.
Del av koronapakke
Sikringa er ein del av fylkeskommunen si koronapakke for å oppretthalde aktiviteten i anleggsmarknaden, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
Arbeidet inneber å sikre fjell, sette opp vass- og frostsikring og sikre med sprøytebetong i delar av tunnelen. Dette er arbeid som ikkje let seg gjennomføre med vanleg trafikk. Tunnelen blir difor kvelds- og nattestengt frå måndag 15. juni.
Naudetatane får passere heile døgnet
Det blir arbeid i tunnelen måndag til torsdag frå klokka 20-06, med opning for gjennomkøyring klokka 2130, 2230 og 0000. Tunnelen er open for fri ferdsel frå fredagar klokka 06 til måndag klokka 20.
Trafikantane vil også oppleve at det kan mangle lys i dei siste 100 metrane i retning Tafjord. Grunnen er at entreprenøren må ta ned lysa for å sikre fjellet bak.
I veke 28-30 (frå 6-27. juli ) blir vegen open for trafikk heile døgnet. Sikringa av tunnelen er planlagt å vere ferdig månadsskiftet august/september. Naudetatane, personell frå heimetenesta som rykker ut på tryggheitsalarmar og beredskapen til Tafjord kraft kan passere heile døgnet.