Fjord kommune ønskjer innspel frå innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal om korleis Eidsdal sentrum skal vere i framtida

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Tysdag 8. desember var det bygdemøte i Eidsdal der det mellom anna vart orientert om arbeidet med reguleringsplan for delar av – eller heile – Eidsdal sentrum. Reguleringsplanarbeidet er en konsekvens av at Møre og Romsdal fylkeskommune skal byggje ny ferjekai i Eidsdal slik at større ferjer skal kunne setjast inn på sambandet.
På møtet vart det diskutert ulike måtar for innbyggjarane i dei to bygdene å kome med innspel på. Noko av det som vart nemnt, var ei spørjeundersøking på nettet. No har Fjord kommune «snudd seg rundt» og fått på plass ei slik undersøking slik at innbyggjarane i Eidsdal og Norddal no har høve til å kome med innspel til korleis ein helst vil at sentrum i Eidsdal skal sjå ut.
Ved å svare på spørsmåla i undersøkinga kan innbyggjarane på sørsida vere med og meine noko om dette. Korleis den endelege reguleringsplanen vil bli sjåande ut, avheng av mange ting, men gode innspel er alltid viktig å få, heiter det på heimesida til Fjord kommune.
Undersøkinga består av fire spørsmål, og ein kan svare så kort eller langt ein vil. Men det handlar altså om korleis ein ser føre seg Eidsdal sentrum i 2030.
Har du tankar om dette, så må du svare på undersøkinga innan 23. desember.
Undersøkinga finn du her: https://www.survey-xact.dk/LinkCollector?key=GQCJPVTJL1C2