Fjord kommune med koronaråd til folk som kjem frå Austlandet

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Regjeringa har frå 23. januar sett i verk strenge smitteverntiltak for fleire kommunar i Oslo-området. Dette skuldast utbrot av ein særs smittsam virusvariant.
Hald avstand og bestill time for test
Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid. Ut frå eit føre var-prinsipp oppmodar difor kommuneoverlegen at alle som har vore på reise i det sentrale austlandsområdet dei siste fire dagane om å gjere følgjande:
• Hald 2 meter avstand til alle du møter.
• Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
• Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
• Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
• Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.
• Skulle du få luftvegs- eller influensaliknande symptom må du halde deg heime og kontakte legetenesta-
Skjenking av alkohol
Fjord kommune følgjer dei nasjonale skjenkereglane som er gjeldande frå 21. januar.
Serveringsstader som har skjenkeløyve kan berre servere alkohol ved bordservering, og det skal vere seteplassar til alle gjestar. Alkohol kan berre serverast til dei som får servert mat.
Serveringsstadane skal ikkje sleppe inn gjestar etter kl. 22.00 og dei skal ikkje servere alkohol etter kl. 24.00 – i tilegg skal serveringsstadane sjå til at alkohol ikkje blir konsumert etter kl. 00.30.
Serveringslova ligg til grunn for kva som er meint med å servere mat, og betyr altså at forholda må liggje til rette for å ete på staden og sal av kioskvarer, baguettar, bollar og liknande er ikkje å rekne som matservering.
Meir informasjon er å finne på Fjord kommune sine heimesider.