Bli med på musikalsk skattejakt i Liabygda kyrkje

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Førstkomande onsdag tek Rune Johnsen Klevberg og Kjartan Lied oss med på ei musikalsk skattejakt i Liabygda kyrkje.
Rune Johnsen Klevberg er fødd og oppvaksen i Liabygda og har no sitt virke som kantor i Olsvik kyrkje i Bergen. Han har ein enorm kunnskap om kva skattar som finst i orgelmusikken. Når han ferierer heime i Liabygda no, skal han gle oss med godbitar av dei nordtyske barokkomponistane Nicolaus Bruhns og Dietrich Buxtehude, franske Camille Saint- Saëns (han som skreiv «Dyrenes karneval, og det er dessutan 100 år sidan han døydde) og engelske Herbert Sumsion (variasjoner over salmen «Det er navnet ditt jeg roper»). Derifrå tek han oss vidare til Canada, med musikk av Denis Bédard frå Quebec (*1950), så til USA, til musikk av Florence B. Price (1887-1953). Ho var den første kvinnelege, afroamerikanske komponisten som fekk oppført ein symfoni av eit leiande orkester, etter at ho hadde vunne ei komposisjonskonkurranse. Attende i Noreg får vi høyre musikk av Per Hjort («Pjort») Albertsen (1919-2015), organist, lærar og rektor ved Trøndelag musikkonservatorium, og Rune Johnsen Klevberg sjølv. Vi avrundar heilt lokalt med improvisasjonar over ein folketone etter Anders Stavseng.
Kjartan Lied er også fødd og oppvaksen i Liabygda og bur her framleis. I likskap med Rune Johnsen Klevberg femnar hans musikalske interesser breitt og vi får mellom anna høyre italienske songar frå barokktiden og nyare, kjende norske songar og visar. Det er ei stor glede å kunne innby til vakre tonar på ein sumarkveld. Vel møtt!