Valldal hornmusikklag startar aspirantopplæring for vaksne

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Har du spelt i korps ein gong, men har prestasjonsangst for å byrje på att fordi både notekunnskapen og grepshukommelsen har falma? Er du redd for at det ikkje vert lyd i instrumentet att om du skulle finne på å ta opp att denne kjekke, sosiale og gjevande hobbyen? Huskar du ikkje kva veg instrumentet skulle haldast, eller kvar du skulle blåse?
Då har Valldal hornmusikklag løysinga! Dei startar opp eit heilt nytt tilbod i haust med aspirantopplæring og øvingar for vaksne nybyrjarar. Kvar onsdag kl 1745-1845 frå og med 1. september til og med 25. november, blir det øving på Martin Linge-huset. Tilbodet er gratis. Du kan kome som du er, lista er lav. Her treng du ikkje ha prestasjonsangst, du møter berre likesinna.
Valldal hornmusikklag ordnar med at du kan låne instrument om du ikkje har sjølv. Dei vil også så langt som mogleg tilrettelegge for skyss til og frå øving frå ferjekaia på Linge og Liabygda.
Kjenner du at dette har du lyst til? Meld di interesse til teresejemtegardmoen@gmail.com eller send ei melding på facebooksida Valldal Hornmusikklag så tek dei kontakt med deg.
Valldal hornmusikklag ønskjer både gamle og nye medlemmar velkomne til nytt korps-år. Øvingane går føre seg på Martin Linge-huset i Valldal kvar onsdag kl 1900-2130, første øving etter sommarferien er onsdag 1. september.
Valldal hornmusikklag har 90-års jubileum i 2022, og skal mellom anna på jubileumstur. Dei vil veldig gjerne ha med så mange som mogleg, og lovar at det skal bli eit fole kjekt korpsår!