Då er Zakariasdammen tom att

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I 2019 vart ikkje Tafjord Kraftproduksjon ferdig med revisjonen av vassvegane og kraftstasjon Tafjord 4 grunna fleire uheldige variablar. No er dammen tappa ned og det tilsiget av vatn som kjem, går gjennom ei tappeluke og endar i det gamle elveleiet nede i Øyna.
Etter revisjonen i 2019 vart det òg oppdaga nokre fleire ting som dei no nyttar høvet til å få utbetra, men fyrst og fremst er det dei store ventilane med glideføringar og lager som skal oppjusterast.
– Sjølv om dette, ikkje langt på nær, er ein så stor revisjon som sist, er det mykje planlegging som skal til og sjølve arbeidet vil ta om lag to månader. Store revisjonar er det ikkje alle som får oppleve i si arbeidskarrière her i Tafjord, då det er lange syklusar på slikt arbeid. 25 år er ikkje uvanleg, så no vert det ei god stund til neste gong, seier kraftverkssjef Svein Gunnar Remme.
Ei travel tid framover
Mange er i sving og i tillegg til eigne folk, nyttar Tafjord Kraftproduksjon mange underleverandørar. Medan nokre arbeider med revisjonen, er andre i gang med hovudtilsyn på kraftstasjon Tafjord 5. Den ligg inne i fjellet der parkeringsplassen for dei som går til Reinsdalsæter ligg. Vatnet får den frå vatna i Veltdalen, Smettevatnet og vatnet i Brusebotnen.
– No er alle tunnelane tomme for vatn og tilstanden til vassvegane skal vurderast, komponentar skal sjåast over og sandfang tømmast. Det er eit viktig vedlikehaldsarbeid og må gjerast no før snøen smeltar, seier Svein Gunnar Remme.