Storfjordnytt
1 minutt lesetid

17. mai-feiring i Australia

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Nordmenn i utlandet feirar sjølvsagt også 17. mai der dei er, også dei som bokstaveleg tala befinn seg på andre sida av jorda.

Saken fortset etter annonsa

Hos Storfjordnytt-redaksjonen kom det nemleg tikkande inn bilete frå 17. mai-feiringa i Brisbane, Australia.

Det er Bjørnar Håvold Siem som har sendt oss bilete, og han fortel at i Brisbane hadde dei tog med mannskor, og det vart feira med wienerpølser og vaflar. Vêret såg også ut til å vere framifrå på denne dagen i Brisbane, etter bileta å døme.