Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Då er det blå vesle huset borte

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det vesle blå huset ved sidan av ungdomshuset i Tafjord er no rive. Det var etter kvart i veldig dårleg forfatning og Tafjord Kraftproduksjon AS eigde huset og grunnen. Med gravemaskin vart huset plukka ned og køyrt til Tafjord Kraftproduksjon AS sin grunn oppe i Jimdalen. Tomta vart rydda og stelt til.

Saken fortset etter annonsa

– Det skal berre mellomlagrast der. Det tek ikkje lange tida før materialen er borte og vert sanert på vanleg måte, seier Svein Gunnar Remme, kraftverkssjef i Tafjord. Han legg til at det i dag ikkje er konkrete planar om å gjere noko på tomta der huset stod, men at det på lengre sikt er planar om å sette opp eit leilegheitsbygg med fleire mindre bueiningar.