Eit tjeldepar på Rellingsvegen i Norddal

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det var ikkje slik dei hadde tenkt det, tjeldeparet som på tynne forfrosne bein gjekk langs Rellingsvegen. Motvillig gjekk den eine av dei ut i den kalde snøen då Storfjordnytt kom køyrande, den andre heldt seg på den tørre asfalten. Begge såg dei tydeleg lite nøgde ut.
Tjelden kjem tidleg, kanskje aller fyrst og kallast ein kortdistansetrekkfugl. Dei som hekkar i Noreg overvintrar i austlege delar av England og rundt Vadehavet, som ligg mellom dei frisiske øyer og det nederlandske, tyske- og danske fastland. Dei startar trekket frå Noreg i august/september.
På Færøyane er tjelden nasjonalfugl (tjaldur) og landskapsfugl i Bohuslän i Sverige. Norsk Ornitologisk Forening valde den til «Årets fugl» i 2018. Tjelden kan hekke helt til den vert 36 år. Oftast er dei monogame, men ein sjeldan gong har hannfuglen to koner. Tjeldeparet er avhengige av kvarandre og separasjonar er svært sjeldne. Fell den eine i frå, vil den andre prøve og finne seg ny make. (Info frå Wikipedia).