Raust og positivt

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Å samle inn pengar til julelys i den store grana ved kyrkja i Valldal gjekk bra.
Valldal helselag kan melde at det er mange som har gitt midlar og dei har vore rause. Så rause at dei har laga ein konto dei kan nytte til vedlikehald i åra som kjem.
– Det er veldig kjekt å sjå lysa i grana og kjekt er det òg med alle dei positive tilbakemeldingane frå folk. Mange hadde møtt fram då Kåre Tafjord tente lysa i grana 27. november. Elles er det veldig mange å takke for at det no lyser i grana på Sylte. Det skal nemnast at Sparebanken Møre har vore aktiv på givarsida og syner at dei er ein lokal medspelar. Dei er òg næraste nabo og har stor glede av at det lyser i grana, seier initiativtakar Randi Valdal.
No kan folk gle seg over lysa i grana i mange år framover og gjengen som står for det praktiske arbeidet kan rullere, men dei vil ta vare på litt kompetanse frå år til år slik at nye slepp å tileigne seg kunnskap på nytt.