Siste arbeidsdag på kontoret

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Bjørg Sætren Kleppe har hatt arbeidet sitt i Frivilligsentralen i Norddal sidan 2009. Onsdag denne veka hadde ho sin siste arbeidsdag i kommunen og vert pensjonist året ho fyller 69.
– No skal eg verte ein aktiv pensjonist. Eg brenn for frivilligheita og eg er nestleiar i Valldal Bygdekvinnlag, der har eg mange kjekke oppgåver. Å engasjere seg for lokalmiljøet er viktig og noko eg har stor glede av.
Er det noko eg gler meg til ved å verte pensjonist, er det å sleppe å høyre vekkjarklokka om morgonane. Vere meir i lag med familie, barn og barnebarn gler eg meg òg veldig til. Eg har hatt eit langt yrkesliv og når du vert eldre kan du ikkje stikke under ein stol at det ikkje er like lett å henge med. Du er ikkje like kjapp, med data til dømes, seier ein påskegul Bjørg Sætren Kleppe.