Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Songkveld i Syltekyrkja

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Etter at barnekoret var ferdige å øve tysdag denne veka, samla det seg ei forsongargruppe rundt pianoet til Carolin Eide. Dei øver inn julesongar til songkvelden søndagskvelden 12. desember.

Saken fortset etter annonsa

– Vi tenkte det kunne vere kjekt å ha ein kveld der vi syng julesongar. Då er det kjekt at nokon har øvd litt på songane fyrst, så vi kan nytte fleire stemmer. Det vert fint, veit du, seier Evy Henriksen.

Det er sjølvsagt ope for alle som vil synge og høyre på, den kvelden i kyrkja.