Stikk ut ein tur!

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
No får vi håpe våren kjem for alvor og let oss gå turar langs elvar og på råser i skog og mark. Langs elva i Stordal er der eit Stikk Ut-turmål og kassa skal vere på Øvrebust ein stad. Ved Kvammen bru står der ein benk og ei turbok for den som vil kvile og skrive seg inn. På benken kan det sjå ut som om nokon har gløymd att ein Kvikk Lunsj, men det er det ikkje. Eit herleg sinn har måla ein stein akkurat slik og lagt den på benken og under benken kjem hestehoven fram. No vil vi ha VÅR!
Stikk Ut-sesongen startar 1. mai og allereie frå 14. april kan du laste ned ein heilt ny Stikk Ut-app. Der finn du lett turmåla og annan nyttig informasjon.