Det seier Rune Dalsbø til Storfjordnytt. Han er salssjef i Tafjord Connect AS som har nytta idrettslaga til å hjelpe seg med salsarbeidet av høghastigheits internett til fiberkundar i Fjord kommune.
Alle som bestiller fiber frå firmaet får moglegheita, i ein rullemeny når dei bestiller høghastigheits internett på nett, til å velje kva lag eller organisasjon i Fjord kommune dei vil støtte med 250 kroner. Sjølv om det er idrettslaga som har delt ut materiell og mange har støtta akkurat dei, er det òg mogleg å støtte andre lag i kommunen.
– No vil vi halde fram ei stund til for å prøve å få dei som sit på gjerdet og ventar. Vi skal prøve å overtyde dei om at det ikkje er noko å vente med. Fiber er framtida, det trur vi i Tafjord Connect AS, seier Rune Dalsbø.
Han fortel at til no har Stordal idrettslag fått 7500 for arbeidet og 30 har støtta det, Eidsdal idrettslag har kome til 9000 kroner og 36 har støtta dei og i Valldal har idrettslaget fått så mykje som 17.500 kroner og 70 personar har gitt 250 i støtte til deira arbeid.
– Dette er totalsummen så langt og kan hende er ikkje alt utbetalt enno, men det går ikkje lange tida før resten kjem, legg salssjef Rune Dalsbø til.