Vil ha innbyggjarar i Fjord kommune og andre kommunar i Møre og Romsdal med i ei folkehelseundersøking
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Frå 1. februar får 56.000 innbyggjarar i fylket over 18 år invitasjon til å delta i ei folkehelseundersøking. Svara som kjem inn skal brukast til å lage både lokale og regionale planar og til å prioritere kva tiltak som må setjast inn for å betre folkehelsa.
Får invitasjon på sms eller epost
I dei nærmaste dagane vil innbyggarar over heile fylket ta i mot ein sms eller e-post om å delta i folkehelseundersøkinga, der også mange i Fjord kommune blir trekt ut. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd folk er med nærmiljøet og lokale tilbod og aktivitetar, og om eiga helse og livskvalitet, levevanar, skader og ulykker.
– Informasjonen vi får frå innbyggarane våre gjennom undersøkinga vil kunne seie mykje om kva vi skal prioritere i arbeidet vårt for ei berekraftig samfunnsutvikling i kommunen og i Møre og Romsdal, seier folkehelsekoordinator i Fjord kommune, Kristi Linge Stakkestad.
Første gong i Møre og Romsdal
Dette er første gongen det blir gjennomført ei så stor undersøking for å kartlegge befolkninga si helse, trivsel og livskvalitet i fylket.
Deltakarane er eit representativt utval som blir tilfeldig trekt frå Folkeregisteret. Opplysingane blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.
Viktig med høg svarprosent
Denne undersøkinga er ein del av ei nasjonal satsing i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og mange fylke har allereie gjennomført slike undersøkingar i sine fylke.
– Vi ønskjer at flest mogleg av dei som får invitasjon til å delta svarar på undersøkinga. På denne måten kan alle bidra til det blir tatt omsyn til kvardagen, livskvaliteten og meiningane til dei som bur i kommunen vår og til forsking på fylkes- og landsbasis. Resultata vil vere svært viktige for korleis vi legg planar i åra framover, seier folkehelsekoordinatoren.
På Møre og Romsdal fylkeskommune og Folkehelseinstituttet sine nettsider kan du lese meir om undersøkinga:
https://www.fhi.no/div/helseundersokelser/fylkeshelseundersokelser/