Storfjordnytt
1 minutt lesetid

25 personar er no smitta i Fjord kommune

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fjord kommune melder tysdag kveld, 30. mars, at ein har fått melding om ein ny person som har testa positivt. Det vart så langt smitta person nummer 25. Denne personen testa positivt på hurtigtesten i går, og har vore i karantene.

Saken fortset etter annonsa

I dag har det vore testa 36 personar i kommunen og ein reknar med å få svar på desse testane i morgon.

Smitteteamet meiner å ha god kontroll over situasjonen no. Det vil likevel vere ope for testing i morgon onsdag, langfredag og 1. påskedag.