Storfjordnytt
2 minutter lesetid

No haustast det frå tunnel og frå friland

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Dett er er tunnelbær det kan eg sjå, seier Harald Valle i det han opnar dørene på tilhengaren som Jan Ole Fuglem har rygga på plass.

Saken fortset etter annonsa

Bæra er av sorten Favori og har vakse opp i ein tunnel på Døving. Forma er upåklageleg og hamsen som frisyra på ein modell.

– Den er søt òg, seier Jan Ole og let Storfjordnytt få sin fyrste smak av denne sorten jordbær.

Smaken er god og den er søt, ikkje noko å seie på dette produktet. Bak den fyrste pallen med jordbær frå tunnel står ein palle med Saga som er hausta frå friland på Muri i sentrum av Valldal.

– Ja du må berre smake på den òg seier jordbærprodusenten frå garden Gjærå på Døving.

Dei bæra er av sorten Saga og smakar veldig jordbær frå Valldal, nydelig. På Muri har Jan Ole Fuglem om lag 20 dekar av sorten og han reknar med å hauste frå den åkeren i fire veker.

Det er kjekt å kome i gang med å levere bær synest jordbærbonde Jan Ole Fuglem. Harald Valle hos Valldal Grønt AS er veldig samd i akkurat det.