Lege Marianne Skuseth i Fjord kommune fortel at dei har fått ein heil del telefonar med spørsmål kring vaksinasjon. Ho fortel at fleire har ringt på vegner av seg sjølv eller andre som har både høg alder og betydeleg sjukdom, og lurt på kvifor dei ikkje blir prioriterte.
– Vi følgjer retningslinene for prioritering gitt av FHI. Når vi vaksinerer dei over 65 år, vert dei prioriterte kun ut frå alder, og det vert altså ikkje tatt omsyn til vedkommende sin sykdom/risikofaktorar. Det vil til dømes bety at ein frisk 80-åring blir prioritert framføre ein multisjuk 78-åring. Dei under 65 år vert prioriterte ut frå risikofaktor saman med alder, seier Skuseth. Det er også dei som påpeikar at andre kommunar er komne lenger i vaksinasjonen enn Fjord, men Skuseth seier at vaksinasjonen er jamn i heile fylket.
– Vi har ikkje høve til å påverke utdelinga av mengde vaksinar. Vi har god kapasitet til å setje vaksinane, og vi set alle vi får dagen etter vi får dei. Folk kan vere trygge på at vi tek kontakt med dei når vi har vaksine å tilby, seier Skuseth.
Når det gjeld AstraZeneca-vaksinen, er den sett på pause inntil vidare, slik at det berre er Pfizer det er tilbod om no.
– Det er også presisert frå Statsforfaltaren at ein ikkje kan velje type vaksine, seier Skuseth.
Når det gjeld vanskar enkelte opplever med å få kontakt med legekontoret, seier Skuseth at dei i periodar har stor pågang slik at det kan vere vanskeleg å kome gjennom på telefon.