Arbeidet med forsterking av 140 år gamal bru i Geiranger er i gang

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune er i gang med forsterkinga av den 140 år gamle steinkvelvsbrua Flåbrua på fylkesveg 63 i Geiranger.
Brua er ei av dei eldste bruene med biltrafikk i Møre og Romsdal og vart bygd i 1880, lenge før den første bilen kom til Noreg. Det er sykkylvsfirmaet Hole maskiner som har fått det spesielle oppdraget, som mellom anna inneheld graving med handmakt slik at steinkvelvet ikkje blir skada. Brua skal forsterkast frå innsida med betong for å tole trafikken i framtida.
Flåbrua er den første av fire bruer frå 1880-talet i Geiranger som blir forsterka. Erfaringane frå Flåbrua blir lagt til grunn når kontrakten for forsterkinga av Holebrua, Kopebrua og Gjerdebrua blir lyst ut i marknaden neste år. Arbeidet med desse bruene er planlagt gjennomført fram til våren 2024, utan at det skal hindre turisttrafikken i sommarmånadane.
– Det er ein spesiell jobb. Desse bruene representerer ein viktig del av veghistoria vår. Vi skal ta vare på handverket og historia samtidig som vi forsterkar dei for framtida, seier byggeleiar Lasse Neslein i Møre og Romsdal fylkeskommune.