Fv. 63 Geiranger-Langvatn opnar i dag, fredag 14. mai, klokka 18.00

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Møre og Romsdal fylkeskommune melder at vegen mellom Geiranger og Langvatn opnar for sesongen i dag, fredag 14. mai klokka 18.00.
– Før påske var vinteren snøfattig, men det kom over to meter snø i april som gav oss utfordringar med skred og skredfare og meir arbeid med snørydding. Denne vegen er svært viktig for reiselivet i Møre og Romsdal og for Geiranger spesielt, så vi er glad vi kan opne han til 17. mai-helga, seier byggjeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dei siste ti åra har vegen vanlegvis opna i midten av mai. I 2020 blei vegen opna rekordseint 17. juni etter ein svært snørik vinter.
Opning av fv. 63 Geiranger-Langvatn dei siste 10 åra
År | Opningsdato |
2011 | 13. mai |
2012 | 31. mai |
2013 | 14. mai |
2014 | 7. mai |
2015 | 13. mai |
2016 | 23. mai |
2017 | 26. mai |
2018 | 9. mai |
2019 | 16. mai |
2020 | 17. juni |
2021 | 14. mai |