Dei tre med positive hurtigtestar i går, er stadfesta smitta i dag, andre påskedag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
I tråd med det ein kunne vente på bakgrunn av hurtigtestar, vart det i dag stadfesta tre nye smittetilfelle i Fjord kommune. Alle desse har vore i karantene og er nære kontakter med personar som tidlegare har testa positivt.
Saken fortset etter annonsa
- Erfaringane ein har gjort seg til denne tida, er at dersom du bur saman med nokon som er smitta, er det svært stor sjanse for at også andre familiemedlemmer vert smitta.
- Sjølv om kommunen opplever å ha god oversikt over smittesituasjonen no, vil kriseleiinga på det sterkaste understreke kor viktig det er å halde fast på alle smittevernreglar, mellom anna det å halde fram med å bruke munnbind alle stader der ein ikkje kan halde to meter avstand til andre.
- Spesielt viktig er det å understreke at ingen må gå på arbeid dersom ein ikkje er heilt frisk. Dette gjeld også for barnehagebarn og skuleelevar: dei skal ikkje i barnehage eller på skule om dei har symptom.
- Kriseleiinga vil også understreke at alle må ha låg terskel for å bestille tid for testing. Kommunen har god testkapasitet.
- Skular vert framleis på raudt nivå og barnehagar på gult nivå denne første veka etter påske. Dette vert organisert litt ulikt og vi viser til informasjon frå den enkelte skule/barnehage.
- Kulturskulen og biblioteka vert også organisert annleis, desse informerer via sine kanalar.