Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Ein ny påvist smitta laurdag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fjord kommune melde i går, laurdag 8. mai, om ein ny smitta person i kommunen. Dette gjeld familiemedlem av tidlegare meldt smittetilfelle. Personen har vore i karantene.

Saken fortset etter annonsa

1.-4. klasse ved Stordal skule er med bakgrunn i dette sett i karantene.

Gjennom smittesporingsarbeidet i laurdag, har det kome fram opplysningar om luftvegsymptom hos nærkontaktar, og difor vil kommunen flytte testing av desse klassane til i dag, søndag, frå klokka 13. Dei dette gjeld vil få sms om dette, melder Fjord kommune på heimesidene sine.

I samråd med skulen, har kriseleiinga vedteke at ein gjennomfører heimeundervisning for alle klassetrinn måndag, tysdag og onsdag i komande veke.

Elevar og lærarar som var på Bjørnsund leirskule denne veka er så langt meldt negative. Prøvesvara ein venta på laurdag er no stadfesta negative. Dette betyr at elevar og lærarar som har vore på leirskule på Bjørnsund kan gå ut av ventekarantena.