Fjord kommune melder på heimesidene sine at det i går, laurdag 31. juli, vart stadfesta endå eit nytt smittetilfelle i kommunen.
Smitta har tilknyting til utbrot i ein annan kommune, står det å lese i oppdateringa frå kommunen.
I tillegg melder Stranda kommune at dersom nokon var på fest på Snooker lounge i Geiranger natt til måndag 26. juli i tidsrommet 02:00 til 04:00, så MÅ ein gå i karantene og og få testa seg absolutt snarast råd.