Fleire nye smittetilfelle i Fjord

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I løpet av helga er det bekrefta sju nye smittetilfelle, det vil seie elleve totalt sidan fredag. Det melder Fjord kommune.
Alle elevane og lærarar ved Stordal skule har fått tilbod om test.
Då situasjonen var svært uoversiktleg søndag kveld, vart det beslutta å halde Stordal skule stengt i dag, måndag. På grunn av påvist smitte i fleire klassetrinn og blant lærarane, har kriseleiinga beslutta å ha heimeskule/digital undervisning resten av veka.
Smittesporinga er krevjande på grunn av mange nærkontakter. Definerer du deg som nærkontakt, og smittesporingsteamet ikkje har vore i kontakt med deg, ring koronatelefonen for å avtale tid for testing.
Barnehagen vil halde ope, men går over til gult nivå.
Alle kultur- og fritidsaktivitetar for barn og unge i Stordal vert avlyste denne veka.
Andre tiltak kan verte sett i verk dersom testresultata skulle tilseie at det er naudsynt og kommunen ber derfor folk om å halde seg orienterte om situasjonen på heimesida til kommunen.
Husk avstand, og meld deg til testing ved symptom.