Ingen fleire smitta så langt i dag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune har kome med ei statusoppdatering per klokka 15 laurdag 27. mars. Og statusoppdateringa startar med ei gladmelding: Så langt i dag har ein ikkje fått melding om fleire smitta personar i kommunen.
Det er altså per no 22 personar med stadfesta positiv Covid-19-test. Så langt er smitteutbrotet konsentrert til bygdene Valldal, Fjørå og Tafjord. Der er imidlertid nærkontakter – og dermed folk i karantene – i alle bygdene i kommunen, noko som gjer at alle må oppføre som om der finst smitte overalt. Slik må det vere inntil alle prøver er blitt analyserte.
I dag har det vorte testa om lag 170 personar, i hovudsak elevar frå Valldal skule. Testing vil halde fram også i morgon.
Fjord kommune valde innleiingsvis å sette mange i karantene inntil situasjonen var meir avklara. Etter kvart som negative prøvesvar kjem, vil også fleire verte løyst frå karantenen.
Syltebøen barnehage vil halde stengt måndag, tysdag og onsdag, men her vil vere plass for born av kritisk personell. Dei andre barnehagane vil vere opne frå og med måndag.