Kommuneoverlege i Fjord kommune, Henrik Steenfeldt-Foss, ønskjer å minne alle som har med tilreisande og besøkande å gjere om at pandemien ikkje er over.
Han seier at det ikkje lenger er lett å følgje med og passe på at alt av reglar blir følgde – og at det heller ikkje er lett å tolke reglar som stadig er i endring.
– Pandemien er ikkje over, men vi er mindre uroa. Dette kjem hovudsakleg av at flesteparten av dei vi er mest redde for skal utvikle alvorleg sjukdom, er vaksinerte, seier han.
Det ser ut til å vere delta-varianten som dominerer i smittebiletet – og at trenden er aukande. Hittil er unge vaksne mest smitta og kommuneoverlegen seier at dei er smitta fordi dei går ut med symptom og ikkje held avstand til kvarandre.
– Det ser også ut til at nokon trur dei er i same kohort fordi dei er i slekt, og det er sjølvsagt ikkje tilfelle, seier han vidare og har følgjande bøn til innbyggarane i Fjord:
• Ikkje gå ut nokon stad viss du har symptom av noko slag, hald deg inne og sørg for å bli testa.
• Hald minst 1-2 meter avstand til alt og alle.