Kommuneoverlegen med sterk oppmoding til dei i risikogruppene om å ta influensavaksina

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
På heimesidene til Fjord kommune står det no å lese at kommunen kommande veke, altså veke 44, vil gjennomføre influensavaksinering.
Svært viktig vaksine å ta
Kommuneoverlege i Fjord kommune, Henrik Steenfeldt-Foss, seier i ein kommentar til Storfjordnytt at det er svært viktig at dei som er i risikogruppene eller som har underliggjande sjukdom bestiller time for årets influensavaksine. Ikkje minst meiner han det er viktig i lys av pandemien som framleis pågår.
– Pandemien er ikkje over, men no når samfunnet har opna att, er risikoen der for å få influensa, seier han.
For dei som lurer på om influensavaksinen kjem i konflikt med ein eventuell tredje dose koronavaksine, så seier han det er uproblematisk, såframt det går ei veke mellom dei to vaksinene.
Tid og stad for vaksinering
Fjord kommune legg opp til vaksinering både i Stordal og i Valldal slik:
Martin Linge-huset, tysdag 2. november kl. 09-15
Stordalshallen, torsdag 4. november kl. 09-15
Bestilling av time
Time til vaksinering bestiller du på https://c19.no/ og du kan bestille time til deg sjølv, eller du kan hjelpe andre med å bestille time. Det står å lese på heimesida til kommunen at du må kunne bekrefte at du er i risikogruppe eller er helsepersonell.
Om du treng hjelp til å bestille time for influensavaksina, kan du gjere det ved å ringe 418 67 823 mellom klokka 9 og 14 på kvardagar.
Eigenandelen for risikogrupper er 50 kroner og betaling skjer med bankkort. Dei som har frikort, slepp du å betale.
Risikogruppene er ifølgje Folkehelseinstituttet desse:
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Alle som er 65 år eller eldre
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
- Prematurt fødde born, særleg born fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
- Born og vaksne med:
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
- hjarte- og karsjukdom (anna enn godt regulert høgt blodtrykk),
- diabetes type 1 og 2
- leversvikt eller nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
- nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorlig og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifiserte annan stad)