Kriseleiinga i Fjord kommune har i møte bestemt å følgje dei nasjonale reglane og råda som inneber ei lette frå i dag, torsdag 27. mai. Det melder kommunen på heimesidene sine.
Dette inneber mellom anna
- at Tafjordbadet opnar 5. juni om det ikkje oppstår ein ny smittesituasjon,
- at aktivitar på frivilligsentralen opnar opp att, og
- at det blir grønt nivå på skular og barnehagar
Her kan du lese meir om gjenopningsplanen som no går over til trinn to.
Følg smittevernreglane
Fjord kommune har ingen eigne reglar, og følgjer derfor dei nasjonale råda og reglane.
For at ein skal kunne halde fram med det, er ein avhengig av at det ikkje blir lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Kommunen minner derfor alle om å halde smittevernråda vi alle er blitt så vande med det siste året om å
- halde seg heime om ein er sjuk,
- halde avstand, minst 1 meter til dei ein ikkje bur med, og
- vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe.
Alle næringsdrivane må følgje smittevernreglane, jf. bransjestandard og krav i forskrift.
Besøk heime – råd
No gjeld rådet om å ha maks ti personar på besøk heime, så lenge gjestane kan halde 1 meter avstand. Dei som er rekna med i «beskytta gruppe» tel ikkje med.
Du er med i beskytta gruppe
- sersom det har gått 3-15 veker etter fyrste vaksinedose,
- dersom du har fått begge vaksinedosane, og
- dersom du har hatt covid-19 det siste halve året (og er ute av isolasjon).
Arrangement – reglar
(For desse punkta gjeld ikkje reglane om at dei i beskytta gruppe ikkje skal telje med.)
For innandørs idretts- og kulturarrangement for barn og unge under 20 år, aukar talet på deltakarar til 100. Desse arrangementa må berre samle deltakarar frå same kommune.
For andre innandørsarrangement aukar talet på deltakarar
- til 50 dersom det ikkje er faste tilviste plassar, og
- til 200 dersom det er faste tilviste plassar.
Private samankomstar utanfor eigen heim, kan no samle 20 personar innandørs og 30 utandørs.
Reiser innanlands – råd
Rådet om å unngå unødige innanlandsreiser er no tatt bort.
Dersom du vil reise er det framleis viktig å halde reglane og råda frå den «strengaste» kommunen.
Planlegg reisa slik at du i størst mogleg grad unngår å spreie smitte.
Fritidsaktivitetar – råd
Vaksne kan no vere fleire samen når dei held på med fritidsaktivitetar. Innandørs er rådet at gruppestorleiken aukar til 20, medan den er 30 utandørs. Fleire grupper kan halde på samstundes, så lenge dei er delte inn i kohortar.
Skjenking – reglar
No kan serveringsstader og andre med skjenkebevilling, skjenke alkohol til midnatt. Kravet om matservering forsvinn.