Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Meir smitte i Fjord

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fjord kommune melder på heimesidene sine at det i går kveld, altså tysdag 21. desember, vart stadfesta to nye smittetilfelle i kommunen. Desse har ikkje tilknyting til kvarandre og dei det gjeld er isolerte og smittespora.

Saken fortset etter annonsa

Det har komt fleire innspel på at det bør publiserast kvar smitta er i kommunen. 

Kriseleiinga har konkludert med at informasjonen blir avgrensa til å identifisere positive prøver i Fjord kommune. Unnatak vert gjort i særlege tilfelle viss det har betydning for smittesituasjonen.  

Det står å lese på heimesida til Fjord at det ikkje er ønskeleg at befolkninga i andre delar av kommunen skal tilpasse seg informasjon om koronasjukdom i ei anna bygd. Innbyggarane er mobile på kryss av bygdelaga. Faren er derfor at smittevegar kan gå på tvers i kommunen. Dersom ein har positive tilfelle i eit bygdelag bør det takast same aktsemd til gjeldande smittevernreglar i heile kommunen.