Ny smitte i Fjord

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune melder på heimesidene sine at det i går kveld vart meldt to positive smittetilfeller i Stordal. Ein av dei smitta var i innreisekarantene.
Ein av dei smitta har vore på arbeid i helse og omsorg i dagane før påvist smitte. Dette medfører ei rekkje nærkontaktar i sektoren. Dei som er fullvaksinerte er unntatt smittekarantene, og kan arbeide som før.
Det er ikkje krav eller anbefaling om testing av desse anna enn ved nyoppståtte luftvegssymptom, men vi tar imot alle som ønsker å teste seg. Dei som har fått ei dose av covid-19 vaksine, må testast dag tre og sju etter nærkontakt. Desse kan arbeide i påvente av prøvesvara. Dei som ikkje er vaksinert er sett i karantene.
Vi følgjer anbefalingane til FHI. For meir informasjon om kven som er unndratt smittekarantene kan du lese her.
Vi minner om at folk må fortsette å utøve godt smittevern i kommunen.