• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Logo

lokalavisa for Indre

  • E-avis
  • Tips oss
Meny
  • Nyheiter
  • Sport
  • Kultur
  • Dødsannonser
  • Politikk
  • Landbruk
  • Næringsliv
  • Debatt
    • Kommentar
    • Leiar
    • Innlegg
    • Send inn leserinnlegg
  • Notisar
  • Lesarbilete
    • 2023
    • 2022
    • 2021
    • 2020
    • 2019
  • Fotominne
  • Attersyn
    • 2003
    • 2002
    • 2001
    • 2000
    • 1999
    • 1998
    • 1997
    • 1996
    • 1995
    • 1994
    • 1993
    • 1992
    • 1991
    • 1990
  • E-avis
  • Storfjordnytt-Appen
Logg inn
  • Mi side
  • Bli abonnent
  • Kundesenter
  • Tips oss
  • Kontakt
  • Tenester
  • Annonsar
  • Abonnement
  • Om Storfjordnytt
SAMFUNN
3 minutter lesetid

Pandemien er ikkje over!

Kommuneoverlegen i Fjord kommune, Henrik Steenfeldt-Foss.
Britt Ingunn Maurstad
954 93 011
Publisert: 01 september, 2021 11:48
Oppdatert: 01 september, 2021 11:48
Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Denne påminninga kjem frå kommuneoverlege i Fjord, Henrik Steenfeldt-Foss. 

Saken fortset etter annonsa

Sjølv om svært mange no er ferdig vaksinerte – og endå fleire har fått første dose med vaksine, minner han om at det ikkje dermed er slik at vi kan gløyme alt av gode vanar vi har lagt oss til det siste halvtanna året.

Vask hendene og hald avstand

– For dei som no er smitta, ser det ut til at dei har så mange nærkontaktar at det ikkje nyttar å drive smittesporing, seier han og minner om at det vi har lært gjennom pandemien, framleis gjeld.

Det er viktig å halde seg heime når ein er sjuk og å kontakte legekontoret for å avtale tid for testing.

Dessutan er det like viktig som før med god handhygiene, altså å vaske hender, og å halde avstand til dei du ikkje bur i lag med.

Kommuneoverlegen ber innstendig folk om å halde fram med desse enkle, men viktige smitteverntiltaka også i tida framover, sjølv dei som er vaksinerte.

Legekontoret

Noko anna kommuneoverlegen ønskjer å oppmode til, er at innbyggjarane i Fjord hjelper legekontoret med å korte ned på ventetida. 

– Vi strever for tida med litt lang ventetid på legekontoret. Det skuldas hovudsakleg gjennomføring av sommarferie og covid-situasjonen, seier han.

Innbyggjarane i Fjord kan hjelpe legekontoret ved først og fremst å bruke legetimen ein har fått.

– Og så ber vi folk om å ta opp éi problemstilling om gongen. Er det fleire ting du vil diskutere med fastlegen, så ber vi om at du bestiller ny time, seier han og er oppteken av at legen helst skal bruke tid på det som er viktigast for nettopp deg.

– Saman må vi ta litt ansvar for å korte ned på den litt lange ventetida, og då kan dette vere eit tiltak, seier han og legg til at målet er at pasienten og legen i lag finn ut og prioriterer det som er viktigast for kvar einskild.

Saken fortset etter annonsa

Og så er det slik at det som ikkje er så alvorleg må vente litt til fordel for det som hastar og som er alvorleg.

– Og hugs, vi ønskjer alle pasientar velkomne attende til oss, avsluttar kommuneoverlegen.

Du vil kanskje også lese

Ingen relaterte artikler.

Storfjordnytt
Postboks 134, 6211 Valldal
Olavsgata 8, 6210 Valldal

Organisasjonsnummer: 960 134 311
Bankgiro: 4020 05 01774

Kontakt oss
70 25 78 50
post@storfjordnytt.no
annonse@storfjordnytt.no

Redaktør og dagleg leiar
Britt Ingunn Maurstad

954 93 011

britt@storfjordnytt.no

Redaksjon
Tina Emilie Hoel

977 62 387

tina@storfjordnytt.no

Torbjørn Storås

954 28 005

torbjorn@storfjordnytt.no

Annonsar
annonse@storfjordnytt.no

Storfjordnytt er lokalavisa for Fjord kommune og tillegg dekkjer vi delar av Stranda kommune. Avisa kjem ut ein gong i veka, kvar torsdag.

Følgj oss

  • Facebook
  • YouTube

Kundeservice: Bestill abonnement // Elektronisk utgave // Annonsebestilling // Kontakt // Personvernerklæring

Storfjordnytt arbeider etter Vær varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Sjå også Redaktøransvar.

Storfjordnytt © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no