Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Råd til folk som kjem frå område med auka smitte

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det har dei siste dagane vore ei auke av smittetilfelle i samband med virusmutasjon og det er sett i verk strenge smitteverntiltak, no sist i fleire kommunar i Vestland fylke. Dette grunna særs smittsam virusvariant. I det høvet kjem Fjord kommune med råd til dei som kjem frå område med auka smitte.

Saken fortset etter annonsa

Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing. Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome. 

Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid. Ut frå eit føre-var-prinsipp oppmodar difor kommuneoverlegen alle som har vore på reise i desse austlands- og vestlandsområda dei siste fire dagane om å gjere følgjande:

• Hald 2 meters avstand til alle du møter.

• Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.

• Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.

• Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.

• Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.

Skulle du få luftvegs- eller influensaliknande symptom som tap av lukt, smak, diaré, pressing i brystet, snue, halssmerter må du halde deg heime og kontakte legetenesta.