Smittestatus på årets siste dag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune melder på heimesidene sine at ein i desember har hatt tolv smitta i kommunen. Det har vore smitte i Stordal, Valldal, Eidsdal og Tafjord. Per i dag er sju personar i isolasjon.
Det har vore noko smitte frå tilreisande, men det meste har vore hos lokalbefolkninga. Flesteparten av dei smitta har vore fullvaksinerte.
I går, torsdag 30. desember, vart det meldt om ytterlegare to positive hurtigtestar, og kommunen forventar difor at ein er oppe i totalt 14 smitta i desember før året er omme.
Rutine for smittesporinga
Når nokon vert stadfesta smitta, ringer kommunen dei det gjeld og gir informasjon om isolasjon mv, svarar ut eventuelle spørsmål og avtalar tid for PCR-testing.
Kommunen kartlegg nærkontakter, men dei smitta må sjølve varsle nærkontaktene om smitte og gjeldande reglar for nærkontaktene.
Det ligg detaljert informasjon for nærkontakter og gjeldande reglar på FHI.
Det står vidare å lese på kommunen sine sider at kommuen ikkje følgjer opp dei smitta rutinemessig. Dei må sjølv ta kontakt om dei blir dårlege og har behov for legeundersøking.