Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Tilbod om handlehjelp til dei på sørsida som er i karantene

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Mange i Eidsdal og Norddal set no i karantene, og ein kan ha problem med å få gjort handelen før påske.

Saken fortset etter annonsa

Dette kan ein ordne ved å kontakte Nærbutikken i Norddal. Send handleliste epost til butikken så blir varene pakka og klargjort for levering.

Deter Eidsdal-Norddal Røde Kors Hjelpekorps som bistår Nærbutikken i Norddal med utkøyring av varer no i påska. Utkøyringane skjer frå klokka 18, etter kvart som bestillingane blir ferdig plukka. Varene blir leverte ved trapp eller inngang etter nærare avtale med den som skal ha varene.