To nye smittetilfelle

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune melder no at det berre er stadfesta to nye smittetilfelle til trass for ei massiv testing i helga. Ei positiv nyheit det altså. Resultata kjem frå prøvane som er tekne søndag, og ein del frå måndag.
Smitteveg for dei to er kjent, dei er nære nærkontakter til tidlegare smitta.
Kommunen meiner at smittesituasjonen byrjar å kome under kontroll, men for å vere på den sikre sida blir elevane ved Stordal skule testa på nytt i morgon, onsdag, ettersom det då vil vere fem dagar sidan siste skuledag.
Heimeskule og gult nivå på barnehagen i Stordal blir gjennomført ut denne veka.
Kommunen minner om å huske å halde avstand, og å melde seg til testing om ein har symptom.