Storfjordnytt
1 minutt lesetid

To nye smittetilfelle i Fjord

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er i dag, onsdag 15. september, registrert to nye smittetilfelle i Fjord kommune. Begge er elevar ved Stordal skule.
Ein vart testa med bruk av PcR og ein med hurtigtest.

Saken fortset etter annonsa

Begge dei to nye smitta er kjente nærkontakter med tidlegare smitta, fortel kommunen på heimesida si.

Måndag denne veka vart det meldt om smitte blant lærarar på Stordal skule. Denne testen viste seg å vere ein inkonklusiv test, og seinere negativ. Den tilsette er klarert og er ikkje lenger i isolasjon.