To nye smittetilfelle i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Etter nokre dagar utan nye påviste smittetilfelle, melder Fjord kommune på heimesidene sine no i kveld, tysdag 13. april, at det på nytt er rapportert om påvist smitte i kommunen.
Det dreier seg om to personar der den eine er ein person som er nærkontakt med smitta person og som dermed har vore i karantene. Den andre personen som er smitta har ikkje vore i karantene. Isolering, smittesporing og vidare testing er iverksett.
Dette betyr at Fjord kommune vidarefører alle smitteverntiltak som vart innført 23. mars. Så snart ein har betre oversikt over den sist melde smittesituasjonen, vil kriseleiinga vurdere om ein kan gå inn på dei nasjonale tiltaka som er gjeldande frå og med fredag 16. april.