Tre nye positive hurtigtestar avlagt første påskedag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune opplyser på heimesidene sine at det også i dag, 1. påskedag, vart avlagt tre positive hurtigtestar ved teststasjonen. Ein av desse tilhøyrer ein annan kommune og vert følgt opp derifrå. Dei to andre er nære nærkontakter av tidlegare smitta.
I dag og i morgon er elles siste karantenedag for elevar og lærarar ved Eidsdal skule. Alle lærarar og elevar ved Valldal skule som har vore i karantene pga smitte ved skulen, er no ute av karantenen.
Det er ikkje mistanke om smitte ved nokon av skulane utover det som tidlegare er blitt stadfesta.
Smittesporingsteamet følgjer opp alle som er blitt smitta og som er i isolasjon. Desse vi bli oppringt av smittesporingsteamet dagen før planlagt isolering kan avsluttast.
Dei som er i karantene, skal vere i karantene i ti dagar etter at siste nærkontakt har fått påvist smitte (eventuelt ved negativ test etter sju dagar etter siste nærkontakt).
Dersom ein utviklar symptom, er det viktig å ta kontakt og avtale testing.