Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Tre nye stadfesta smitta – og no er det til saman 28 smitta i Fjord kommune

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er i dag blitt stadfesta tre nye smittetilfelle i Fjord kommune, det melder Fjord kommune på heimesida si. Talet på smitta personar er dermed oppe i 28. Alle dei  tre smitta har vore i karantene.

Saken fortset etter annonsa

Ein av dei som no har fått påvist positiv Covid19-test, er tilsett ved Eidsdal skule. Elevar og tilsette ved skulen har allereie vore i karantene. Karantenen vert imidlertid ikkje oppheva før det har gått noko lenger tid, og det har vore  gjennomført smittesporing og testing av alle nærkontakter.

Det blir testing for dei som er knytt til Eidsdal skule i morgon, skjærtorsdag. Testtelefonen er ikkje open i morgon då dei som skal testast allereie har fått innkalling.