Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Tre personar med påvist smitte i Fjord kommune

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Fjord kommune melder på heimesidene sine at dei i kveld, onsdag 24. mars, har fått informasjon om at tre personar i kommunen har fått påvist smitte.

Saken fortset etter annonsa

Kommunen kan ikkje utelukke at fleire kan ha blitt smitta, og kriseleiinga har bestemt at Valldal skule og Syltebøen barnehage vert stengt inntil vidare. Smittesporing er sett i gang.