Unngå unødige reiser ut av kommunen

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune viser til nye og strengare tiltak i kommunane Ålesund, Sula og Giske gjeldande frå og med 27. april og kommunen presiserer at alle som reiser til eller frå desse kommunane må følgje tiltaka som er gjeldande der.
Det vil mellom anna seie at alle frå desse kommunane skal ha heimekontor om dette er praktisk mogleg.
Reiser ein kollektivt, eller er i situasjonar der det er vanskeleg å halde ein meter avstand til andre, skal ein bruke munnbind.
I tillegg oppmodar Fjord kommune alle på sterkaste om å unngå unødige reiser ut av kommunen til situasjonen blir meir avklart.
Innbyggjarane i Fjord vert også oppmoda om å halde seg oppdatert, ettersom situasjonen kan endre seg raskt.
Her finn du tiltaka for Ålesund, Sula og Giske kommunar som gjeld frå og med 27. april.