Sju kilometer og 1100 høgdemeter

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Mefjellet opp vert i år arrangert for 15. gong. Valldal idrettslag starta motbakkeløpet med ein prøvesesong i 2006.
I år som i fjor er det ein mosjon- og ein konkurranseklasse. I konkurranseklassa er det onsdag 23. juni 33 påmelde.
Mosjonsklassa varer frå 20. til 26. juni og der må du sjølv registrere deg ved å sende ein sms etter at du har vore på toppen av Mefjellet. Den informasjonen du treng finn du på nettsida mefjelleopp.no. Det du ikkje finn der, finn du på facebooksida deira.
Det er søndag 27. juni det er konkurranseløp. Starten er nede ved fjorden i Fjørå klokka 12. Derifrå går det i full fart til toppen av Mefjellet. Alle som deltek i konkurranseklasse må ha meldt seg på på førehand.
Med koronaen til stades vert det kun eit reint motbakkeløp utan premieutdeling etterpå. Premiane vert sendt i posten.
Ein av verdast beste fjelløparar deltek. Det er Kilian Jornet som i år deltek for tredje gong. I 2019 sette han løyperekord på dei sju kilometrane og 1100 høgdemetra opp til toppen av Mefjellet med tida 40 minutt og 52 sekund.
– Det vert ikkje den same folkefesten i desse koronatidene, men berre heilt enkelt. Vi arrangerer og motbakkeløpet, og det er bra. Fleire vel å avlyse arrangementa, seier Einar Hoel.