Valldal Hornmusikklag er 90 år i år – og laurdag 7. mai inviterer vi til jubileumskonsert

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I kultursalen på Martin Linge-huset vert det førstkomande laurdag, altså 7. mai, høve til å få ein «heilaftan» med Valldal Hornmusikklag. Vi inviterer alle som har lyst til å markere 90-årsjubileet vårt til festkonsert med hornmusikken, etterfølgd av middag og dans.
Har du lyst til å «berre» få med det konserten vår, har du sjølvsagt høve til det óg.
Det er litt av kvart som står på repertoaret – og sidan det er ein jubileumskonsert, blir det ein god blanding av nytt og gammalt – noko av det nye er kanskje litt annleis enn det vi vanlegvis har spelt. Vi gler oss til å la dykk få høyre alt det spennande vi og dirigenten vår, Evgenii Zhukov, har jobba med i det siste.
Av omsyn til bestilling av mat, har vi hatt førehandssal av billettar på nettet – det er no avslutta. Men for deg som ikkje har sikra deg billett til konserten eller til både konsert og fest, er det framleis håp. Styret har bestemt at vi på vanleg vis vil ha sal av billettar i døra, frå klokka 16 og heilt fram til konsertstart klokka 18. I tillegg vert det høve til å kjøpe billettar både til konsert og til fest på Spar heile veka frå tysdag. Og vi har sørga for å bestille ein god del ekstra mat, slik at om du i siste liten kjem på at du har lyst til å vere i lag med oss etter konserten og, så er det altså høve til det.
Vi håpar retteleg mange tek turen til kultursalen i Martin Linge-huset denne kvelden.