Fløytekonsert i Rosekyrkja onsdag 20. juli

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Også i år vert det konsert med musikk frå Rosekyrkja si ungdomstid. Evgenii Zhukov og Sofie Berge Sæbø spelar musikk for fløyter saman med Eero Voitk på cello og Carolin Eide på cembalo.
Det er dei største barokkmeistrane vi får høyre: J.S. Bach, G.F. Händel og G.Ph.Telemann, med ein musikk som står perfekt til Rosekyrkja og rommet der. Heilakustisk blir det sjølvsagt. Den sprudlande og fargerike musikken kler den fargerike kyrkja som hand i hanske.
Alle musikarane er godt kjende på Sunnmøre, med hyppige konsertar ikkje minst med barokkmusikk.
– Dette er musikk som ligg nært hjartet vårt og vi gler oss til å dele den med publikum i den fine sommarkvelden, seier fløytist Evgenii Zhukov.
Cembalist Carolin Eide og dei andre musikarane gler seg også:
– Å få lov til å spele i Rosekyrkja er alltid ei glede! Det er eit rom som gir inspirasjon, og å få lov til å kome hit med så dyktige kollegaer gler eg meg til, seier ho.
Vermeldingane er gode til onsdag, og arrangørane håpar at mange vil ta turen til den vakre Rosekyrkja denne kvelden! Billettar er for sal i døra. Konserten vert også spelt i Stranda kyrkje tysdag 19. juli.