Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Klart for ny støttekonsert for Ukraina

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Førstkomande søndag går den tredje støttekonserten for Ukraina av stabelen – i Sylte kyrkje.

Saken fortset etter annonsa

Den første konserten var i Stranda kyrkje før påske med deltakarar frå Stranda og Hellesylt, den andre var sist søndag i Geiranger, med deltakarar frå Geiranger, Norddal og Eidsdal.

På konserten i Valldal kyrkje får vi høyre song og musikk av folk frå Stordal, Liabygda og Valldal.

Carolin Eide lover nok ein konsert med eit variert program – og ho trekkjer fram at komiteen som har arbeidd med denne konserten har bestått av Dagrun Agnes Vikesland, Marita Rønneberg – i tillegg til Carolin og Gunnar Inge Eide.

– Inntektene går uavkorta til Ukraina, men vi tek ikkje billettar i døra denne gongen, men forsøker oss med kollekt i staden. På den måten kan folk gje etter kva dei har høve og lyst til, seier ho.

På lista over deltakarar denne gongen, står mange kjende namn for dei fleste av oss – og dei bidreg ifølgje Carolin med musikk som bør vere kjent for dei aller fleste. 

– Det blir fleire sjangrar, pop, musikal, folkemusikk – litt forskjelleg altså, seier Carolin som seier det har vore ei stor glede å arbeide med desse støttekonsertane.

– For det første har folk vore utruleg positive til å stille på, og for det andre har vi så mange særs dyktige folk å velje mellom i bygdene våre, seier ho.