Det tidlegare omtala attersynet på song og musikk i Stordal som Leif Dybdal, Olaus Overøye og Alf Overøye har jobba med gjennom fleire år og samla saman til eit 360 siders dokument, har Leif Dybdal no jobba vidare med og gjort tilgjengeleg for alle på nettsida musikkistordal.sogelag.no.
Det var Peder Holt som tok kontakt med brørne Alf og Olaus Øverøye og Leif Dybdal med spørsmål om dei kunne starta arbeidet med å teikne ned historia om song og musikklivet i Stordal. Det var som utgangspunktet for det arbeidet som er gjort til no og det stara dei med i 2016.
– Målet er at dette skal vere song og musikkhistoria til Stordal som kan byggjast på etter kvart. Til det treng eg hjelp av dei som har bilete, tankar og litt nye idear for å halde fram med arbeidet. Fleire har vore hjelpsame undervegs og Kristian Almås er ein av dei som til no har vore til stor hjelp, seier Leif Dybdal.
På nett
Lei Dybdal lært seg å nytte WordPress, eit nettpubliseringsverktøy, og i juni vart han ferdig med å publisere arbeidet om musikkhistoria i Stordal på nett. Du finn den på https://musikkistordal.sogelag.no/. John Kristian Hjelle var ein ressurs han fekk ein del hjelp til i det arbeidet.
Det er eit viktig og innhaldsrikt historisk arbeid som er gjort, og som no er gjort tilgjengeleg på nett for alle som er interessert. Ikkje mindre enn 131 770 ord (om lag 260 A4 sider med tekst), 93 lydfiler, 130 videoar og 527 bilde finn du der.