Treg start og brå slutt på jordbærsesongen på friland
Torsdag 11. august var siste plukkedag på Bjørstad i Valldal for jordbærprodusent Håkon Myklebust. Josef Jasinski kom fyrste gong til Valldal og Bjørstad i 1991 og han har plukka bær der for Rolf Sandnes, Arne Sandnes og no Håkon Myklebust. Arkadusz Jurkiewicz er arbeidande formann og kom til Valldal ti år seinare enn Josef.
– Middels sesong kan eg vel seie, det er ikkje krise, men det var laga til for mykje jordbær i åkrane, så det kunne blitt ein god sesong hadde det ikkje vore for treg start, dårleg vêr og at plukkarane reiste heim då det enno var mykje bær att i åkrane. Jordbær som rotna og bær vi ikkje fekk ut av åkrane er om lag dei 30 prosenta vi ikkje fekk levert, seier jordbærprodusent Håkon Myklebust.
Har du gyldig abonnement?
Prøv å logge ut og inn igjen. Dersom du framleis får denne meldinga, kontakt kundeservice på
post@storfjordnytt.no.
For å lese nettavisa på denne eininga må den bli lagt til aktive einingar på mi side. Trykk på «administrer aktive
einingar» for å legge til denne eininga som aktiv.